Kort fortalt

Gode testar med sjølvkøyrande bussar

Men må vente ein del nye typer ulukker.

NPK
09.04.2021

Forskarar ved Sintef har gjennom prosjektet SmartFeed deltatt i fleire pilotprosjekt med sjølvkøyrande, elektriske minibussar i Noreg. Det samla ulykkesbildet så langt viser at ein kan vente nokre nye typer ulykker med automatiserte køyretøy, men langt færre enn med manuelle køyretøy.

I prosjektet SmartFeed har forskarar ved Sintef deltatt på fleire pilotprosjekt med sjølvkøyrande elektriske minibussar. Prosjektet skal gi kunnskap om korleis automatiserte og saumlause bussar kan bidra til ei grøn omstilling hos trafikantane.

Forskarane konkluderer med at vi må forvente nokre nye typar ulykker med høgt automatiserte bilar og bussar, men langt færre enn med manuelle køyretøy. Til dømes er ikkje desse bussane søvnige, aggressive eller ruspåverka, og dei følger alle trafikkreglar dersom desse kan digitaliserast. For køyretøy med lågare automatiseringsnivå er utviklinga innan tryggleik meir usikker.

I alle pilotane har dei sjølvkøyrande bussane vore heilt utan ratt og pedalar. Ein tryggleiksoperatør kunne når som helst gripe inn og ta over kontroll via ein stoppknapp og brytar inne i bussen eller ved hjelp av ein PC med touch-skjerm.

Det har så lang ikkje vore hendingar der det automatiserte køyretøyet har skulda. Men testinga har vore forsiktig, farten har vore på maksimalt 16 kilometer i timen, og nokre trafikkreguleringar i kryss har gitt dei automatiserte bussane forkøyrsrett.

Publisert: 09.04.2021 13:10

Sist oppdatert: 09.04.2021 13:12