Kort fortalt

Positive til sørnorsk fiskarlag

Fiskarlaget i Sogn og Fjordane vil ha eitt fiskarlag i Sør-Noreg.

NPK
06.10.2022

NPK: Det vart vedteke samrøystes på årsmøtet onsdag, skriv Fiskeribladet. Vedtaket føreset at dei andre fire årsmøta i Sør-Noreg også sluttar seg til ei ny organisering av Norges fiskarlag. Den nye modellen inneber ei tredeling av medlemsledda i Norges fiskarlag: Nord-Fiskarlag, Sør-Norges fiskarlag og Fiskebåt.

Dei tre medlemslaga frå Trøndelag og nordover har allereie vedteke å gå saman og etablere eit felles lag, ifølgje Fiskarlaget. Resten av laga i Sør-Noreg skal behandle saka på årsmøta sine no i oktober.

Det er planlagt eit stiftingsmøte 9. desember, om alle medlemslaga sluttar seg til den nye organiseringa.

På årsmøtet i Sogn og Fjordane fekk fiskarlaget også ein kvinneleg nestleiar, Linne Lending. Ole Morten Vassdal var attvald som leiar.

Publisert: 06.10.2022 09:54

Sist oppdatert: 06.10.2022 09:55