Premas
ÅLESUND. Godt med arbeid for dei tilsette i Premas. Illustrasjonsfoto: Premas
Kort fortalt

Godt år for Premas

Ålesund-selskapet hadde i fjor si nest største omsetning sidan starten i 1986.

19.04.2023

Premas er eit softvareselskap som har spesialisert seg på å levere produkta Premaster og Maysy til kundar innan fiskeri, oppdrett, offshoreskip, passasjerskip, oljeproduksjon og både private og offentlege selskap. Målet er å levere løysingar som handterer dei kritiske delane av aktiviteten.

Selskapet sysselsette i fjor 12 årsverk.

Den samla eigenkapitalen er på 0,6 millionar kroner, og den langsiktige gjelda null.

Hovudaksjonær er Svein Øystein Berntsen og familien med 91,0 prosent av aksjane.

Erling Kjerland og Thor Arhaug eig kvar 4,1 prosent, medan Olaf Lillenes Brungot eig 1,6 prosent. Aksjonærane kan for fjoråret fordele eit utbyte på 2,5 millionar kroner.

Premas
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 18,9 16,6
Driftsresultat 3,2 2,7
Resultat før skatt 3,2 2,7

Publisert: 19.04.2023 14:30

Sist oppdatert: 19.04.2023 15:01