Kort fortalt

Konsekvensar av streiken

Både ferje- og bussamband blir råka av streiken.

16.04.2023

Dette er pressemeldinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune om endringa i buss- og ferjetilbodet:

Ferjekapasiteten redusert på grunn av streik

Meklinga mellom NHO, LO og YS førte ikkje til einigheit, og rundt 25 000 medlemmar i LO og YS blir dermed tekne ut i streik frå måndag morgon. Streiken råkar fleire ferjesamband i Møre og Romsdal.

Av dei ferjesambanda i fylket som er omfatta av streiken, er det personell på desse rutene som blir tekne ut i streik:
Riksvegsamband: Rute C Solevågen–FestøyaRute B Molde–VestnesRute C Halsa–Kanestrøm
Det er Statens vegvesen som driftar riksvegsambanda i fylket. Norled, Boreal og Fjord1 opererer ferjene i desse sambanda.

Fylkesvegsamband: Rute C Hareid–Sulesund, rute B Seivika–Tømmervåg, rute B Magerholm–Sykkylven
Fram i Møre og Romsdal fylkeskommune driftar fylkesvegsambanda. Fjord1 er operatør i alle dei tre sambanda som er omfatta av streiken.

Kan bli kø
Jesper Wiig, seksjonsleiar for drift i Fram ber passasjerar om å vere førebudd på ventetid når dei skal reise med ferjene i dei tre fylkesvegsambanda.

– Vi oppmodar passasjerar om å vere førebudd på kø, og ta omsyn til redusert kapasitet i sambanda når dei planlegg reisa si, seier Wiig.

Også næringstrafikken må vere førebudd på at det kan bli på ventetid på ferjekaiene.

– Vi vil følgje situasjonen på ferjekaiene tett og sette inn trafikkdirigentar om vi ser at det er behov for dette. Dette kan spesielt vere aktuelt på morgonar og ettermiddagar, seier Wiig.

Også busstilbodet blir råka
Wiig opplyser at streiken vil føre til endringar i busstilbodet på fleire linjer:

Linje 101 (måndag–fredag) Frå måndag 17. april:•     
Avgang Volda kl. 05:35 til Moa: Denne bussen stoppar på Festøya. Ferga kl. 06:40 går ikkje.•     
Avgang Volda kl. 05:55 til Ålesund: Bussen tar ferja kl. 07:00. Passasjerane må skifte buss på Festøya.•     
Strekninga Moa kl. 07:35 til Solevåg blir innstilt. Ruta startar opp frå Festøya til Volda kl. 08:08.
Sidan alle ferjeavgangar i C-ruta frå Festøy blir innstilt, vil nordgåande buss kome 20 minutt seint til Moa/Ålesund. Her kan det derfor verte utfordrande å rekke korrespondanse på Moa.

Linje 250
I sambandet Magerholm–Sykkylven vil det berre vere A-ferja som går. Enkelte bussavgangar på linje 250 vil vere inntil 20 minutt forseinka, dette gjeld dei avgangane som skulle tatt B-ruta i ferjesambandet.

Forseinkingar på andre linjer
Wiig opplyser at det også kan bli forseinkingar på enkelte avgangar på FRAM Ekspress linje 100 og 905, sidan desse reiser med ferjeavgangar som er råka av streiken.

– Bussane må då ta ein seinare ferjeavgang, og dersom det blir forseinkingar vil det ikkje vere mogleg å overhalde korrespondansar med andre bussar. Brotne korrespondansar på grunn av streik blir ikkje dekka av reisegaranti, seier han.

Wiig oppmodar elles reisande om å følgje med på Fjord1 sine trafikkmeldingar og i reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen for oppdatert informasjon om rutetidene.

Publisert: 16.04.2023 20:53

Sist oppdatert: 17.04.2023 08:55

Mer om