Pangstart for Pretre
FÆRRE NYE BUSTADAR: Når bustadsbygginga krympar blir det færre oppdrag for Pretre. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Pretre legg ned anlegg

Ventar 2023 blir tøffare enn 2022.

12.06.2023

Pretre legg ned produkjsonsanlegget sitt i Steinkjer og flyttar produksjonen der til anlegget i Gausdal. Selskapet kuttar kostnadar fordi det ventar eit svakt år i byggemarknaden.

Høgare kostnadar, høgare rente, høg prisstiging, redusert kjøpekraft, høge energiprisar, krigen i Ukraina og etterverknadane av koronapandemien er årsaka til at det blir starta bygging av færre bustadar i år, skriv Pretre i årsmeldinga for 2022.

For Pretre, som lagar berande trekonstruksjonar til byggebransjen, betyr det mindre å gjere.

Pretre har hovudkontor og produksjonsanlegg i Stryn og i tillegg anlegg i Gausdal, på Jæren, i Brumunddal, Foss-Eikeland og Tvedestrand.

Selskapet sysselsette 157 årsverk i 2022, opp frå 150 året før.

Pretre er eigd av Mestergruppen, som kjøpte selskapet i 2018.

Mestergruppen har Ferd-konsernet som hovudaksjonær.

Pretre as

Tal i mill. kroner

20222021
Driftsinntekt540,1507,2
Driftsresultat29,729,7
Resultat før skatt29,228,2

Publisert: 12.06.2023 08:43

Sist oppdatert: 12.06.2023 08:43