Bilde 2022 09 21 071736098
PRIS: Domstein Sjømat får ros, her frå Flekkerøya. Foto: Domstein Sjømat
Kort fortalt

Pris til Domstein Sjømat

Kåra til årets matleverandør på Nores årskonferanse.

21.09.2022

Nores er ei innkjøpssamanslutning for den norske og svenske horecamarknaden. Under årskonferansen vart Domstein Sjømat kåra til årets matleverandør, opplyser Måløy Vekst på Facebook.

I grunngjevinga vert det blant anna vist til at Domstein Sjømat kvar dag tilbyr eit breidt sortiment av ferske råvarer, har tett samarbeid med lokale produsentar og har høg fagleg kompetanse. Det blir også vist til at Domstein er gode på oppfølging, og det same på å melde inn avvik.

Publisert: 21.09.2022 07:09

Sist oppdatert: 21.09.2022 07:18

Mer om