Kort fortalt

Pris trumfer smak ved mathandel

Barometer for mattryggleik.

NPK
13.12.2022
(NPK): Prisen på maten har blitt ein viktigare faktor for kva varer vi vel, paralellt med at prisane har stige.

Desse funna kjem fram i Eurobarometer om mattryggleik i EU for 2022.

– Det har skjedd mykje sidan den førre undersøkinga vår i 2019, ein global pandemi og krigsutbrotet i Europa. Slike hendingar har dramatiske konsekvensar, og ikkje overraskande ser vi at fleire europearar blir påverka av ein auke i levekostnadene når dei handlar mat, sa EFSAs administrerande direktør, Bernhard Url då resultata for undersøkinga blei lagt fram, ifølgje avisa Nationen.

– På den andre sida er mattryggleik framleis viktig for mange EU-borgarar, og det er oppmuntrande å sjå at nesten halvparten av dei bryr seg om å ete sunt like mykje som dei bryr seg om matrisiko, sa Url.

(©NPK)

Publisert: 13.12.2022 10:55

Sist oppdatert: 13.12.2022 10:58

Mer om