NPK-NTB: Det blir spådd ein kraftig topp i straumprisane onsdag, med ein auke på 77 prosent frå dagen før. Men prisane stabiliserer seg raskt, trur kraftanalytikar. Nettstaden Nord Pool Group spår ein topp i straumprisen onsdag på over 80 øre per kilowattime i Noregs fire største byar, ifølgje .
Det er ein auke på heile 77,4 prosent frå dagen før. Den antatte toppen blir nådd rundt klokka 18 onsdag ettermiddag, men prisane vil truleg gå raskt ned igjen.
– Prisen skal ned allereie dei kommande dagane og endå lenger ned til helga, seier kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i THEMA Consulting Group.
Utover vinteren ser prisane ut til å halde seg nede.
– Dei vil ligge på rundt 40 øre i desember og 45–46 øre i januar og februar, seier Rennesund.

Publisert: 06.11.2019 13:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32