Kort fortalt

Prisstigning på 2,9 prosent

Dyrare flybillettar og straum drog opp.

10.05.2019
NPK: Dyrare flybillettar og straum bidrog til at konsumprisindeksen (KPI) steig 2,9 prosent frå april 2018 til april 2019.
Tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen er uendra sidan mars, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).
Justert for avgiftsendringar og utan energivarer auka konsumprisindeksen 2,6 prosent frå april i fjor til april i år.
Månadsendringa var prega av auka prisar i samanheng med utanlandsreiser. Prisane på flyreiser steig 23,2 prosent. Prisane på pakketurar drog i same retning, og auken må sjåast i samanheng med at måleperioden fell saman med påsken. Etter Mammutsalet førre månad, steig prisane på bøker 11,3 prosent frå mars til april.
I motsett retning viste matvarer og alkoholfrie drikkevarer ein prisnedgang på 0,8 prosent, og bidrog dermed til å dempe oppgangen:
– Tilbod på dei typiske påskevarene sjokolade, kjeks, appelsinar, lammekjøtt, pølser, ketsjup og sennep bidrog til at prisane fall frå mars til april, forklarer Kjersti Nyborg Hov, seniorrådgivar i SSB.
Prisane på elektrisitet inkludert nettleige fall 1,8 prosent frå mars til april. Men sjølv om straumprisane har falle dei siste tre månadene, ligg dei framleis på eit høgt nivå. Frå april 2018 til april 2019 steig prisane på elektrisitet inkludert nettleige 8,4 prosent. Prisane på passasjertransport med fly viste ein tolvmånadersvekst på 25,7 prosent.
(©NPK)

Publisert: 10.05.2019 16:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34