Kort fortalt

Prisvekst på 6,4 prosent

Litt lågare enn førre månad.

Marius Rosbach
10.05.2023

(NPK-NTB): Prisveksten i Noreg er framleis på eit høgt nivå, men litt lågare enn førre månad.

Statistisk sentralbyrå (SSB) slapp onsdag tal som viser korleis prisveksten har vore dei siste tolv månadene.

Frå april 2022 til april 2023 steig prisane 6,4 prosent. Prisane på mat og drikke bidrog mykje til den høge prisveksten, medan straumprisane trekte prisveksten ned.

– Prisveksten er framleis høg, men vi har dei siste månadene sett teikn til ei utflating, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Det var venta at prisveksten ville halde seg høg, men vere på eit litt lågare nivå enn i mars. Då var veksten på 6,5 prosent.

Utan straumstøtteordninga ville prisveksten enda på rundt 7,3 prosent i april.

Kjerneinflasjonen i same periode endar på 6,3 prosent. Noregs Bank har eit mål om å få kjerneinflasjonen ned på 2 prosent.

(©NPK)

Publisert: 10.05.2023 08:42

Sist oppdatert: 10.05.2023 08:42

Mer om