Det er mykje skrei å håve inn i Lofoten i desse dagar, men fordi torsken står mykje lenger ut frå land enn det som har vore vanleg, får ikkje dei mindre båtane inn fisken. I tillegg er det kø ved mottaka, og mottaka får ikkje seld fisken.
– Eg er djupt bekymra for kystflåten. Det gjeld alle fartøy opp til 15 meter, spesielt ille er det for dei under 11 meter. Kystflåten er i akutt nød. Dei får ikkje tak fisken, og det er ikkje lett å komme inn på fisket nordover, for der er det jo allereie båtar som har faste avtalar om levering av fangsten til mottaka. Dessutan blir det mykje lengre veg å segle viss dei i det heile skulle klare det, seier leiaren av Norges Kystfiskarlag, Tom Kiil, til Skipsrevyen.
Kiil forklarer at skreien følger silda, og står mykje lenger ut frå land på yttersida av Lofoten enn før. Det gjer at sjarkflåten ikkje får tak i fisken, fordi han ikkje lenger kjem innanfor rekkevidde for dei mindre fartøya i kystflåten på innsida.
– Kystflåten kjem ikkje til å kunne klare å fiske kvotene sine innan fisket sluttar. Flåten ligg an til å berre oppnå 60 prosent av kvota.
Samtidig er det eit problem at båtane som har fisk, ikkje får levert. Båtar står i kø ved fiskemottaka. Mottaka får ikkje seld fisken fordi restaurantmarknaden er borte og eksporten til utlandet er vanskeleg.
– No må vi setje vår lit til at styresmaktene kjem med tiltak som kan kompensere for tapet som kystflåten lir, seier Kiil til Skipsrevyen.
Publisert: 09.04.2021 09:34
Sist oppdatert: 09.04.2021 09:37