Kort fortalt

Proffe plastryddarar får ikkje finansiering

Vanylvs-selskap manglar pengar.

29.08.2018
NPK: Gründerselskapet Clean Coast i Vanylven på Sunnmøre strevar med å få realisert planane om å drive profesjonell plastinnsamling langs kysten.
Selskapet har vanskar med å få finansiert verksemda og får ikkje det offentlege med på avtalar, skriv .
– Det offentlege ønskjer i staden å bruke frivillige til å rydde strendene, seier Elisabeth Lauvstad Haugen i Clean Coast til NRK.
Clean Coast har i samarbeid med Runde Miljøsenter og Havila Shipping ønskt å bruke eit ombygd offshorefartøy til å rydde miljøavfall langs norskekysten og nordover til Svalbard.
Dei tre gründerane bak selskapet meiner dei med eit større skip kan rydde meir systematisk og effektivt i strandsona enn det frivillige kan. Innsamling, frakt og levering av fritidsbåtar til resirkulering er òg blant oppgåvene Clean Coast har ønskt å ta på seg.

Publisert: 29.08.2018 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37