Kort fortalt

Pubdrift i pluss etter minusår

Likevel låg omseting for Måløy-selskap.

Marius Rosbach
22.08.2022
Etter to år i minus, enda fjoråret med eit overskot for selskapet som står for drifta av Jibben Pub i Måløy.

Restaurantdrift Måløy fekk ei omsetning på 1,8 millionar kroner og eit driftsresultat på 225.000 kroner, viser rekneskapen til selskapet.

Pubdrifta gjekk med underskot både i 2019 og 2020, men kunne auka eigekapitalen etter overskotet i fjor.

Omsetninga var høgare i fjor enn i 2020, men framleis godt under nivået frå 2017-2019. Då omsette puben for mellom 3,4 og 3,9 millionar årleg.

Jibben omtalar seg som Måløys eldste og mest tradisjonsrike pub i ny drakt – og selskapet som driv på staden i dag, blei starta opp i 2015.

Dagleg leiar Ludvig Brunsvik Skram og Inger Grethe Dalehamn eig halvparten kvar av aksjane i selskapet som i fjor sysselsette eitt årsverk.

Publisert: 22.08.2022 11:51

Sist oppdatert: 22.08.2022 11:52

Mer om