Kort fortalt

På tide å kvitte seg med gamle setlar

18. oktober kjem nye 50- og 500-kronersetlar.

19.09.2019
NPK-NTB: Den 18. oktober er det eitt år sidan dei nye 50- og 500-lappane kom i bruk. Då kan dei gamle setlane nektast som betaling, men framleis blir veksla i banken.
Ifølgje VG er framleis 50- og 500-kronesetlar verd rundt 4,8 milliardar kroner – i nokre veker til – i omløp. Det er fordelt på 8,4 millionar 500-kronesetlar, verd totalt 4,2 milliardar kroner, og 12,5 millionar 50-kronesetlar, verd rundt 600 millionar kroner.
Det ifølgje tal E24 har henta inn frå Noregs Bank, som har desse råda til folk med gamle setlar:
Bruk dei gamle 50- og 500-kronesetlane eller sett dei inn på konto innan 18. oktober.
Skal dei setjast i banken eller vekslast inn, hastar det ikkje så veldig. Setlane blir veksla inn gebyrfritt hos Noregs Bank i minst ti år framover. Det blir gjort ved å troppe opp ved eitt av Noregs Banks depot eller ved å sende setlane til sentralbanken.
Noregs Bank innfører elles ein ny setel i havserien, 1000-kronesetelen, i fjerde kvartal i år.
– Bølga fortel oss om havet som ei motkraft vi bryner oss på, og om ei drivkraft som fører oss framover, skriv Noregs Bank om det nye motivet.

Publisert: 19.09.2019 10:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32