Hovden
SOVESOFA: Hovden Møbel er store på sovesofaer, og har historie heilt tilbake til 1945 då brørne Magnar og Oddvar Hovden starta opp. Foto: Hovden Møbel
Kort fortalt

Raude tal for Hovden Møbel

Sovesofaspesialisten i Hovdebygda med rekordsal, men gjekk likevel på tap.

26.05.2023

Selskapet Hovden Møbel har historie tilbake til 1945, og har vore heilt eller delvis eigd av Hovden-familien over tre generasjonar.

I 2014 vart produksjonen i Hovdebygda lagt ned, og utstyr og lager seld til Hovden UAB i Plunga i Lithauen. Her er det ein moderne fabrikk på 4.400 kvadratmeter, i tillegg til at ein har oppdragsproduksjon og produktutvikling i Klaipeda. I 2020 oppretta selskapet også showrom i Vilnius.

Frå gamlefabrikken i Hovdebygda vert selskapet Hovden Møbel drive vidare, med sal av sovesofaer til Norge. Dette selskapet hadde rekordomsetning i 2022, men hadde eit negativt resultat før skatt på 264.000 kroner. Ein må tilbake til 2014 for å finne siste gong med raude tal.

Hovden Møbel sysselsette fire årsverk i fjor.

Selskapet er likt eigd av Jon Carsten Eikrem, Lisbeth Hovden Nilsen og Liutauras Juska.

Hovden Møbel
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 42,4 38,9
Driftsresultat -0,05 2,1
Resultat før skatt -0,2 2,1

Publisert: 26.05.2023 10:30

Sist oppdatert: 26.05.2023 04:39

Mer om