Butikk
ÅLESUND: Butikkutstyr Møre leverer det meste av utstyr til butikkinnreiingar. Foto; Butikkutstyr Møre
Kort fortalt

Raude tal i rekordår

Ålesund-selskapet Butikkutstyr Møre med beste innteninga sidan starten.

24.05.2023

Selskapet Butikkutstyr Møre har base og kontorlokale i Ålesund. Selskapet tilbyr montering av skreddersydde innreiingar til daglegvarehandel i heile Norge. Ein tilbyr prosjektering og montering av all butikkinnreiing.

Ifølgje heimesida leverer Butikkutstyr Møre, og kan alt, om det som finst innanfor butikkens fire veggar. Alt frå foliering, til kassedisk, til sjølve butikkinnreiinga.

Selskapet vart starta opp i 1999 og sysselsette i fjor sju årsverk. Sjølv om det vart rekordomsetning i fjor med 9,1 millionar kroner, enda resultatet før skatt med minus 112.000 kroner. Året før var det pluss 725.000 kroner.

Samla eigenkapital er på 0,2 millionar kroner, og eigarar er Rolv Anders Giske og Magnus Myrvoll, med 50 prosent kvar.

Butikkutstyr Møre
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 9,11 8,76
Driftsresultat -0,09 0,73
Resultat før skatt -0,12 0,72

Publisert: 24.05.2023 06:00

Sist oppdatert: 24.05.2023 01:58

Mer om