Kort fortalt

Raudspette ny oppdrettsfisk

Vellukka forsøk i Austevoll.

NPK
19.05.2021

Havforskingsinstituttet har gjort eit forsøk med oppdrett av raudspette i Austevoll. I forsøket oppstod det korkje sjukdom eller død.

– Vi har klart å oppdrette raudspette med null sjukdommar, ingen døde og minimalt med deformasjonar. Fisk som overlever og veks så godt som dette, har god fiskevelferd, seier forskar Anders Mangor-Jensen ved Havforskingsinstituttet til eigne nettsider.

I juni i fjor starta dei det første forsøket på oppdrett av kveite sidan krigen. Raudspette-yngelen har blitt produsert i to store, runde kar, og eit mål med forsøket var å sjå om dei fann likskapar mellom kveite og raudspette, blant anna ved å samanlikne genomet til dei to flyndreartane.

Havforskingsinstituttet fortel no at forskarane har fått til så mykje raudspette at dei veks ut av kara sine.

– Dette er heilt fantastisk! No sit vi igjen med to familiegrupper som kan gi oss stamfisk i framtida, seier Mangor-Jensen.

No er han i gang med å følgje opp veksten på raudspettene.

Publisert: 19.05.2021 17:32

Sist oppdatert: 19.05.2021 17:33