Kort fortalt

Raudt vil ha kraftig skattehopp

Vil ha skattesats på 41,3 % for høge inntekter.

14.11.2018
NPK-NTB: Ap, SV og Raudt vil alle auke inntektsskatten i dei alternative budsjetta sine, med høvesvis 920 millionar, 3,8 milliardar og 12,3 milliardar kroner.
Det oppgir , som noterer at ikkje eingong det radikale forslaget til Raudt om skatteauke reverserer det totale skattekuttet til den sitjande regjeringa på 14,7 milliardar kroner dei siste fem åra. Det er lågare inntektsskatt som har gitt kutt, ifølgje tal frå Finansdepartementet, som inkluderer budsjettforslaget for 2019.
Raudt vil auke skattesatsen betydeleg for dei som tener mest i Noreg. I det alternative budsjettet til partiet skal dei 38.400 innbyggjarane som tener meir enn 2 millionar kroner i året, betale 41,3 prosent. Også dei med ei inntekt over 1,2 millionar kroner, skal betale ein høgare skattesats. Til saman vil det gi staten 12,3 milliardar meir i inntekter. Det alternative statsbudsjettet til Raudt blir lagt fram fredag.
Arbeidarpartiet la fram det alternative budsjettet sitt tysdag, og der var det berre aukingar i inntektsskatten på til saman 920 millionar kroner, men også auka formuesskatt på formuar over 1,5 millionar kroner.
SVs 3,8 milliardar skattekroner blir òg henta frå auka inntektsskatt hos dei som tener mest.

Publisert: 14.11.2018 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36