NPK: Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) meiner kraftkommunane kjem dårleg ut i forslaget til statsbudsjettet.
Styreleiar i organisasjonen, Torfinn Opheim, reagerer mellom anna på skattlegginga av kraftkommunane.
– No har grunnrenteskatten for vasskraft auka med 10 prosentpoeng på ganske få år, seier han til
Forklaringa er ifylgje Opheim eit skatteforlik på Stortinget som gjer at denne skatten går opp når inntektsskatten går ned. Dette meiner interesseorganisasjonen slår negativt ut både for vasskraftnæringa og for kommunane.
Grunnen er at grunnrenteskatten – som aukar – går til staten, medan inntektsskatten – som blir sett ned – går til kommunane.
Opheim reagerer også på at forslaget til statsbudsjett ikkje legg opp til utjamning i nettariffane slik Stortinget har bede om, og på at regjeringa føreslår å redusera løyvinga til vassforvaltinga med 12 millionar kroner.
Eit positivt signal for kraftkommunane er ifylgje Opheim at regjeringa vil greia ut systemet for såkalla opphavsgarantiar.
– På ein måte kan vi kalle opphavsgarantiane eit svanemerke for fornybar energi. Men slik som det er no, får ikkje vertskommunane selja konsesjonskrafta si med slik garanti, seier han til avisa.

Publisert: 09.10.2018 12:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37