Kort fortalt
Redusert hogst og auka tømmerprisar
Ferske tall for norsk skogbruk.
18.10.2023
(NPK): Nye tal viser ein nedgang i hogst i norsk skogbruk. Samtidig auka prisane på gran og furu litt i september, mens prisane på lauvtre til massevirke er lågare.
Det er etter tredje kvartal registrert 570.000 kubikkmeter mindre tømmer enn på same tid i fjor, tilsvarande ein reduksjon på 6,4 prosent.
Samtidig auka prisen for sagtømmer av gran frå august til september med 12 kroner per kubikkmeter. Sagtømmerprisen for furu har auka med 21 kroner per kubikkmeter i same tidsrom.
Auken i massevirkeprisen som starta sommaren 2022, har halde fram gjennom første, andre og tredje kvartal 2023.
(©NPK)
Publisert: 18.10.2023 13:43
Sist oppdatert: 18.10.2023 13:43