NPK: Handlingsplanen for grøn skipsfart skulle bli lagt fram før påske. No lovar regjeringa at planen blir klar før sommaren.
Handlingsplanen skal vurdere ulike skipsfartsøy og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Under Maritime Battery Forum i Bergen i mars fortalde statssekretær Atle Hamar at den skulle leggjast fram før påske, men no er han utsett til sommaren, skriv .
Teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero, Marius Gjerset, meiner det ikkje er eit problem.
– Det viktigaste er at handlingsplanen blir god og konkret på nye verkemiddel for å sørgje for at vi får til same gode utvikling vi har sett på ferjesida, seier han.
Gjerset påpeikar at den gode utviklinga vi har sett i ferjebransjen er på grunn av verkemiddel og krav ein har sett i offentlege anskaffingar. Det tilsvarande meiner han ein treng i resten av den maritime sektoren.

Publisert: 14.05.2019 20:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34