Kort fortalt

Regjeringa snur

Utset auken i bilavgiftene.

05.09.2018
NPK-NTB: Regjeringa snur og droppar auken av bilavgiftene i neste års statsbudsjett. Auken kunne gitt mange nye bilar ein avgiftssmell på fleire titusen.
Omlegginga av berekningsmåten for avgifter vil tidlegast skje i 2020, skriv .
– Det er rett at regjeringa legg opp til å utsette overgangen til avgiftsberekning basert på CO2-utslepp målt etter nye reglar til 2020, seier finansminister Siv Jensen (Frp) til .
Det var i hovudsak bensin- og dieselbilar som ville blitt ramma, men også hybridbilar, med lite el-kapasitet. Finansministeren seier ho forstår at det har vore stor usikkerheit.
– Det nye målesystemet kjem, men det er for få bilar som er registrert med den nye målemetoden. Det gir stor usikkerheit om konsekvensane, så vi utset frå statsbudsjettet i 2019 til 2020.
Ho seier dei no får meir tid til å sjå på dette og eventuelt gjere justeringar.
– Ifølgje regjeringsplattforma skal vi ikkje legge opp til avgiftsauke i budsjettet og det står ved lag. Vi vil uansett ikkje vere med på ei omlegging som gjer at folk som kjøper bilar med låge utslepp skal straffast, understrekar Jensen.

Publisert: 05.09.2018 09:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37