Cecilie Myrseth foto Fiskeri og næringsdepartementet
Næringsminister Cecilie Myrseth inviterer reiselivsnæringa til felles satsing for eit meir lønnsamt og berekraftig reiseliv. Foto: Fiskeri og næringsdepartementet
Kort fortalt

Regjeringa vil rydde opp i reiselivet

Inviterer til ny satsing.

NPK
21.01.2026

(NPK); Regjeringa vil ta eit krafttak for å rydde opp i norsk reiseliv og sikre meir seriøse og berekraftige forhold i næringa. Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) inviterer no reiselivsaktørar over heile landet til ei felles satsing for å skape like konkurransevilkår og fleire heilårige arbeidsplassar.

– Norsk reiseliv er stort og kan bli endå større. I så å seie kvar einaste kommune finn ein reiselivsbedrifter. Samtidig ser me utfordringar med useriøsitet og manglande regulering, til dømes i nordlysturismen. Når dei useriøse tek plassen, taper dei norske, seriøse aktørane, og slik kan me ikkje ha det, seier næringsminister Cecilie Myrseth i ei pressemelding.

Regjeringa vil mellom anna utarbeide ein heilskapleg reiselivsplan som blir lansert hausten 2026, gi kommunane høve til å innføre besøksbidrag på overnatting og cruise og arrangere årlege kontaktkonferansar med bransjen. Det skal også vurderast strengare reguleringar for å sikre ordna arbeidsforhold.

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng varslar samtidig auka innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og peikar på at Arbeidstilsynet er styrkt med 25 millionar kroner i 2026.

(©NPK)

Publisert: 21.01.2026 06:21

Sist oppdatert: 21.01.2026 06:21

Mer om