Kort fortalt

Regjeringa vurderer å opne for fôrimport

Ekstremtørken gir problem.

03.07.2018
NPK-NTB: Ekstremtørke og fôrmangel gjer at regjeringa no kartlegg moglegheita for å importere fôr frå nabolanda våre.
– Vi gjer no fleire vurderingar rundt fôrsituasjonen og avlingane i Noreg og nabolanda våre. Vi ser blant anna på om det er mogleg å få importert fôr frå nabolanda, og vi vurderer kor raskt vi i så fall bør setje ned tollen på fôr, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til NTB.
Dei høge temperaturane og lite nedbør dei siste vekene har gjort at mange bønder i Sør-Noreg slit med dårlege grasavlingar. Det gjer at mange no manglar fôr til husdyra sine.
– Situasjonen er i ferd med å bli ekstremt krevjande for ein del bønder, og viss det ikkje begynner å regne, kan det hende at mange bønder må redusere dyretala, seier Dale.

Publisert: 03.07.2018 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38