NPK-NTB: Fleire Frp-arar krev riving av bomstasjonar. Men regjeringspartnarane Venstre og KrF vil ikkje gå vekk frå det som vart forhandla fram på Granavolden.
Til opplyser Venstre-nestleiar og klima- og miljøminister Ola Elvestuen at han held seg til det dei fire regjeringspartia blei samde om i regjeringsplattforma.
– Då er det den som må vere grunnlaget for den politikken vi skal føre. Standpunkta er forhandla fram, og vi er godt fornøgde med klima-, miljø- og kollektivpolitikken som ligg der, seier Elvestuen.
Han understrekar at finansiering av kollektivtransport med bompengar er avgjerande for å kunne nå klimamåla.
Onsdag har Frp ekstraordinært landsstyremøte. Fylkesleiar Johan Aas i Frp Innlandet er blant dei som krev at landsmøtevedtaket om å slette bompengegjeld blir følgt opp. Ifølgje kan Frp true med å forlate regjeringa viss partiet ikkje får ein siger i bompengesaka.
Parlamentarisk leiar Hans Fredrik Grøvan i Kristeleg Folkeparti seier til kanalen at han ikkje vil komme med nokre spekulasjonar om utfallet av møtet i Frp onsdag.
– Frp må køyre sine eigne prosessar. KrF held seg til formuleringane i Granavollplattforma og forventar at dei andre regjeringspartia – inkludert Frp – gjer det same, seier han.

Publisert: 03.06.2019 08:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34