NTB El Gs Ey L Fh Xw
TROMSØ: Nordpolsferda til forskingsskipet FF «Kronprins Haakon» vart lettare enn venta. Her ligg skipet i hamn i Tromsø. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB / NPK
Kort fortalt

Reise til Nordpolen var «for lett»

Forskarar er uroa over kor enkel turen til forskingsskipet FF «Kronprins Haakon» gjekk føre seg.

NPK
29.07.2022

– Det har skjedd dramatiske ting på ti år. Det er bekymringsverdig, seier Mats Granskog, havisforskar ved Norsk Polarinstitutt til NRK Troms og Finnmark.

Førre gong han var på Nordpolen landa han med fly, men i dag er det ikkje mogleg fordi isen ikkje er solid nok.

Granskog er ein av dei 27 forskarane og teknikarane som er med på den første turen til forskingsskipet FF «Kronprins Haakon» til Nordpolen.

Turen tok fleire dagar mindre enn det som var venta.

– Vi var førebudde på mykje meir isbryting, men i lange periodar var det opne parti heile vegen, seier toktleiar og direktør ved polarinstituttet, Ole Arve Misund.

Forskarane har systematisk observert havisdekket frå båten, og dei registrerer at det framleis er is, men at det ikkje er same is som før. Isen er tynnare enn tidlegare.

Publisert: 29.07.2022 13:12

Sist oppdatert: 29.07.2022 13:14