Reiselivet trur på løft
Reiselivsnæringa trur på betre 2022-sesong.
Etter to harde år med nedstenging, har reiselivsnæringa godt håp om ein litt betre sesong i 2022.
– Eg er optimistisk, eg. Vi såg jo i haust at det var full fart tilbake til normalen, så eg trur ikkje vi vil bruke så mykje tid, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NRK.
Mellom anna ser det ut til at mange tyskarar og andre europearar igjen kan vere klare for ein noregstur. Frå Tyskland er det venta 70–80 prosent av ein normal sommar, ifølgje Devold.
Det hjelper også på at mange nordmenn har oppdaga Noreg som ferieland under pandemien.
Dagleg leiar Helge Kjellevold i Stiftelsen Preikestolen har òg sett gode teikn i haust og vinter og kan fortelje at mange utlendingar har vore på besøk.
For stiftinga, som driv fasilitetane knytte til Preikestolen i Rogaland, var 2019 eit toppår med over 330.000 besøkande, medan rundt 180.000 har årleg vore innom i 2020 og 2021. I år trur han det går betre, om ikkje heilt tilbake i rekordsporet.
– Eg ventar jo at vi kjem opp på 200.000-talet, om dette går som vi trur. Det må vi ha, seier Kjellevold til NRK.
Publisert: 03.02.2022 15:05
Sist oppdatert: 03.02.2022 15:06