Kort fortalt

Reiselivsaktør er årets bedrift

Nansen Polar Expeditions AS er årets bedrift i Møre og Romsdal.

15.03.2022

Prisen vart tildelt under møte i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i dag. Smølabedrifta har etablert seg i nye og spanande marknader, trass pandemien, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Prisvinnaren har satsa friskt i ein internasjonal marknad i eit tid då pandemien har rådd, noko som skulle vere nesten umogeleg, heiter det i grunngjevinga.

–Det er fantastisk gledeleg og frykteleg motiverande å få beskjed om at vi er årets bedrift 2021, sa ein overraska Espen Lie Dahl som er styremedlem og aksjonær i selskapet.

I 2021 har Nansen Polar Expeditions AS teke turen til Ushuaia i Sør-Argentina for ekspedisjonar i Antarktis. Skipet er klargjort og ombygd av bedrifta Norwegian Marine Interior på Hjelset. Nansen Polar Expeditions har også gjennom kontaktane sine fått i stand besøk av andre etablerte ekspedisjonsskip til kai på Smøla.

Nansen har satt turistnæringa i Møre og Romsdal på kartet. Reiarlaget satsar også på servering av lokalmat om bord. Bedrifta vart etablert i 2019, har reiarkontor på Hopen i Smøla med tre årsverk. Dei har to skip drift, med til saman 47 tilsette.

Fylkesprisen Årets Bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Prisen skal bidra til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet. Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service

Prisen blir delt ut under fylkestinget 25. april.

Publisert: 15.03.2022 14:34

Sist oppdatert: 15.03.2022 14:36

Mer om