Reiselivsbransjen ventar rekordår
Ventar global vekst.
(NPK-NTB): Reiselivsbransjen er venta å bidra med 11.100 milliardar dollar til verdsøkonomien i år, ifølgje World Travel & Tourism Council.
Det er suveren rekord – 770 milliardar dollar meir enn rekorden som vart sett før pandemien, skriv Dagens Næringsliv.
Vidare skriv avisa at veksten ikkje viser teikn til å minke, og at bransjen om ti år vil stå for 16.000 milliardar dollar, 11,4 prosent av det samla bruttonasjonalproduktet i verda (BNP).
– Det er ikkje berre snakk om å setje nye rekordar. Vi er forbi stadiet der han har komme seg etter pandemien. No står sektoren sterkt og bidreg vesentleg til økonomien i land over heile verda og støttar millionar av arbeidsplassar, seier direktør Julia Simpson i World Travel & Tourism Council.
I USA og Kina, dei to største økonomiane i verda, heng likevel reiselivsbransjen etter.
Ifølgje selskapet henta reiselivet i USA inn 25 prosent mindre i 2023 enn i toppåret 2019, medan nedgangen i Kina var på opp mot 60 prosent.
(©NPK)
Publisert: 05.04.2024 13:21
Sist oppdatert: 05.04.2024 13:21