Kort fortalt

Reiselysta auker, trass dyrtid

Halvparten lar ikkje økonomi påverke reiseplanar.

NPK
19.10.2023

(NPK): Dyrtida dempar framleis ikkje nordmenns reiselyst, ifølgje ei fersk gallupundersøking frå Kantar Media. Delen nordmenn som planlegg å reise utanlands dei neste 12 månadene har auka med 8 prosentpoeng sidan førre måling i vår.

Det er Kantar Media som har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå TUI. I mai svarte 53 prosent av nordmenn at dei planlegg ei reise utanlands dei neste 12 månadane.

Delen som no svarer at dei planlegg å reise til utlandet har auka til 61 prosent.

Det er berre 13 prosent av nordmennene som oppgir at dei ikkje skal reise til utlandet, medan 25 prosent er usikre.

I undersøkinga vart det også stilt spørsmål om reiseplanane dei neste 12 månadene er påverka av den økonomiske situasjonen.

52 prosent svarer nei, at økonomi ikkje påverkar reiseplanane dei neste 12 månadene, medan 35 prosent svarer ja. Av dei som svarer ja, er det flest som endrar reisevanane ved å velje eit reisemål som gir meir verdi for pengane.

Gallupundersøkinga er gjennomført i perioden 20.–27. september. Eit representativt utval på 1157 nordmenn har delteke i den digitale spørjeundersøkinga.

(©NPK)

Publisert: 19.10.2023 11:45

Sist oppdatert: 19.10.2023 11:45

Mer om