Kort fortalt

Reker blir dyrt i sommar

Kan bli rekordnivå.

NPK
30.06.2022

(NPK): Mykje tyder på at rekeprisen kan vere på rekordnivå denne sommaren. Nokre stader ligg prisen på 500 kroner per kilo.

På fiskebrygga i Kristiansand ligg rekeprisen førebels på 289 kroner kiloet, medan i Oslo kostar det nokre stader heile 500 kroner per kilo, skriv Fiskeribladet.

Dagleg leiar ved Reinhartsen i Kristiansand, Reidar Fredriksen, ventar likevel at kiloprisen vil stige til 300–350 kroner i løpet av sommaren, og at prisen kan stige noko meir når det er lite reker.

– Det går stort sett greitt hos oss og alt av reker går ut. Likevel har det den siste tida kome inn for lite reker langs kysten, seier han.

Allan Iversen ved Fiskesalg i Kristiansand fortel at det har vore noko betring i salet, men at dei forventar at det største trykket kjem utover sommaren med alle ferieturistane.

(©NPK)

Publisert: 30.06.2022 13:28

Sist oppdatert: 30.06.2022 13:30

Mer om