NPK-NTB: Staten ventar at prisen på nordsjøolje neste år vil vere 18 prosent lågare enn i år, kjem det fram i oljeprisføresetnaden i forslaget til statsbudsjett.
I budsjettet føreset staten driftsinntekter frå sine eigne oljefelt på 142 milliardar kroner i 2020, 21 milliardar mindre enn i år, skriv .
«Anslaget baserer seg på en oljepris på 476 kroner per fat for 2020 sammenlignet med 583 kroner per fat i saldert budsjett i 2019», heiter det.
Olje- og energidepartementet viser til store svingingar i oljeprisen dei siste åra, i tillegg til uro i både Iran, Midtausten og Venezuela. Regjeringa ser heller ingen teikn til lysning når det gjeld dei svake gassprisane i Europa. Dei noterer seg at spotprisane i første halvår låg på rundt 1,7 kroner per standardkubikkmeter, 32 prosent under snittprisen i 2018.
Oljemarknadsanalytikar Nadia Martin Wiggen i Pareto seier at staten legg ein forsiktig oljeprisføresetnad til grunn. Oljeprisen ligg i augneblinken på 59 dollar fatet.
– Basisscenarioet vårt er 68 dollar fatet neste år, men vi ser at det kjem motvind på etterspurnadssida som kan sende basisscenarioet lågare, seier Wiggen.
Ho peikar spesielt på usikkerheit rundt handelskonflikten mellom USA og Kina.

Publisert: 08.10.2019 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32