Hovden viking
KJØDE: Godt fjorår for Hovden Viking. Foto: Hovden Senior
Kort fortalt

Rekordår for fiskeriselskap

Hovden Viking fiska for 64,8 millionar kroner i fjor.

10.04.2023

Fiskeriselskapet Hovden Senior har heimehamn indst i Kjødepollen i Vanylvsfjorden, rett ved der tunnelinntaket til Stad skipstunnel er tenkt å kome.

Selskapet har den 46 meter lange og 12 meter breie kystbåten Hovden Viking, som vart overlevert frå Larsnes Mek. Verksted i 2018.

Båten driv med både not og snurrevad, og har også tankar for levande fisk. I fjor vart det sett ny inntekstsrekord, med 64,8 milllionar kroner, 20,2 millionar meir enn året før. Resultatet før skatt enda på 15,4 millionar kroner, berre slått av 2018 med 26,9 millionar.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 74,4 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 152,5 millionar.

Hovden Senior-reiarlaget er familieeigd, der Rune Hovden er største aksjonær. Andre aksjonærar er Per Ivar Hovden, Ole Theodor Hovden, Hildegunn Ulvestad, Linda Hovden Ulvestad, Marianne Ulvestad Hovden Tomasgaard og Ann Kristin Hovden Flåm.

Hovden Senior
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 64,8 44,4
Driftsresultat 19,2 9,5
Resultat før skatt 15,4 5,6

Publisert: 10.04.2023 05:50

Sist oppdatert: 10.04.2023 05:51