Kort fortalt

Rekordane kan falle i Sildelaget

3,1 milliardar i fiskesal i første halvår.

10.07.2018
NPK Norges sildesalgslag styrer mot eitt av dei beste åra nokon gong. I første halvår i 2018 har dei omsett 988.000 tonn fisk til ein verdi av 3,1 milliardar kroner.
Det viser førebelse tal frå Sildesalgslaget, skriv .
– Det inneber at vi er bra i rute, seier seniorrådgjevar Roald Oen i salslaget til avisa.
I fjor blei det seld 880.000 tonn fisk for 3,01 milliardar kroner i første halvår. Årsaka til at verdien på omsetnaden er auka er først og fremst at det er fiska meir kolmule til høgare pris, og at det var loddefiske i Barentshavet i år.

Publisert: 10.07.2018 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38