Kort fortalt

Rekorddyre reker

Kilopris på over 300 kroner.

NPK
22.06.2021

Om kort tid kan kiloprisen på reker bli over 300 kroner.

– Rekene kostar 265 kroner kiloen no, men vi forventar to prishopp i sommar. Prisen bikkar nok 300 kroner, seier dagleg leiar Monica Larsen Strømsland på Fiskebrygga i Arendal til NRK Sørlandet.

Prisauken kjem på grunn av lite rekefangst. Situasjonen er den same i det meste av landet utanom Nordland, ifølgje NRK.

Guldborg Søvik, forskar ved Havforskingsinstituttet, seier det er naturleg med svingingar i rekebestanden, men at den for augneblinken er under føre-var-grensa, ei grense som gjer at talet på reker held seg.

– Vi vil ha ein høgare bestand enn den for augneblinken ligg på. Derfor blir det delt ut færre kvotar for rekefiske, seier Søvik til NRK.

Publisert: 22.06.2021 19:36

Sist oppdatert: 22.06.2021 19:36

Mer om