Kort fortalt

Rekordfiske av blåkveite

Landa 4.640 tonn på tre veker.

21.06.2016
(NPK): Samla verdi var 139 millionar kroner. Dette er rekord, opplyser Råfisklaget.
Ved midnatt 12. juni vart fisket i første periode stoppa. Då hadde den konvensjonelle flåten under 28 meter fiska 40 tonn over kvoten på 4.600 tonn.
Totalt deltok 354 fartøy i fisket, mot 274 i fjor, dersom ein tar med også dei som fekk blåkveite som bifangst. (©NPK

Publisert: 21.06.2016 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45