Kort fortalt

Rekordfå nordmenn seier dei handlar svart

Éin av ti har handla svart dei siste to åra.

17.08.2018
NPK-NTB: Det viser ei fersk spørjeundersøking Opinion har gjort for Samarbeid mot svart økonomi og skatteetaten.
Aldri før har så få oppgitt at dei har handla svart, opplyser skatteetaten.
– Det er svært positivt at færre enn nokosinne seier dei har handla svart. Det viser at folk flest ønsker å handle kvitt, men vi ser framleis nokre utfordringar, seier skattedirektør Hans Christian Holte.
Trass i nedgangen i svarte handel, er det ein aukande tendens til kjøp av svart arbeidskraft innanfor reinhald og vedlikehald av hus.
Spesielt er det vaskehjelp og reinhald som slår mest ut i undersøkinga, og heile 29 prosent av dei som kjøper slike tenester, seier dei har handla svart.
– Eit problem er at det i dag er for vanskeleg for den jamne forbrukar å vite kven som er seriøse. Derfor ønsker vi å gi forbrukarane innsyn i fleire opplysningar om skattemessige forhold, for å gjere det enklare å sjekke om ei bedrift oppfyller forpliktingane sine, seier Holte.
Av dei som har oppgitt at dei har handla svart dei siste to åra, svarte 23 prosent at dei reknar med å kjøpe svart arbeid igjen i det neste året.

Publisert: 17.08.2018 11:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37