Kort fortalt

Rekordhøgt behov for arbeidskraft

Talet på ledige stillingar aukar.

NPK
09.02.2023

(NPK): Det var ein unormal høg etterspurnad etter arbeidskraft i 2022. I fjerde kvartal i fjor var det 114.500 ledige stillingar.

Talet på ledige stillingar auka med 12.100 frå 3. til 4. kvartal i 2022, som er ein auke på 12 prosent, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Veksten i talet på jobbar har vore liten og stabil siste halvdel av 2022. Samstundes har verksemder utlyst fleire stillingar. Tala kan tyde på at kompetansebehovet til verksemdene ikkje samsvarer med kompetanse tilgjengeleg hos arbeidssøkjarane, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.

Varehandel hadde 14.200 ledige stillingar i 4. kvartal 2022. Dette er det høgaste talet som er målt i ei enkeltnæring i denne statistikken. Sjølv om nivået også var høgt i førre kvartal, har talet auka med 31 prosent dette kvartalet.

Helsetenester hadde 10.300 ledige stillingar i 4. kvartal. Det er ein auke på 36 prosent frå førre kvartal.

Næringane med høgast prosentdel ledige stillingar i 4. kvartal er overnattings- og serveringsverksemder og forretningsmessig tenesteyting, med høvesvis 6,1 og 6,6 prosent.

– Overnattings- og serveringsverksemder hadde færre jobbar under koronapandemien. I 2022 auka næringa forbi storleiken før pandemien. Overnattings- og serveringsverksemder saman med varehandel og helsetenester bidrar til at talet på ledige stillingar aukar i 4. kvartal, seier Tonje Køber.

(©NPK)

Publisert: 09.02.2023 11:37

Sist oppdatert: 09.02.2023 13:56

Mer om