Kort fortalt

Rekordinvesteringar i kraftbransjen

Byggjer kraftnett for 16 milliardar.

29.11.2018
NPK-NTB: Investeringane i kraftnæringa auka med 15,4 prosent frå 2016 til 2017 . Investeringane i fjor på 29,8 milliardar kroner var dei høgaste nokosinne.
Det vart mellom anna investert 16 milliardar i kraftnett i fjor, ifølgje ferske frå Statistisk sentralbyrå (SSB) torsdag. Investeringsveksten ser ut til å halde fram i år, ifølgje seniorrådgjevar Magne Holstad i SSB.
Investeringar i vindkraftverk var nesten dobbelt så høge som året før og utgjorde i 2017 4,1 milliardar.
På same tid kjem det fram at kraftproduksjonen var rekordstor i fjor, då det vart produsert 149,4 terawattimer (TWh). Vindkraftproduksjonen var på 2,9 TWh, ein auke på 35 prosent frå 2016.
Straumforbruket auka med 1,1 prosent i Noreg frå 2016 til 2017, og det totale forbruket enda på 124,8 TWh.

Publisert: 29.11.2018 11:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36