Kort fortalt

Rekordmange båtskadar

Sommarvarmen får skulda.

21.08.2018
NPK-NTB: Forsikringsselskapa fekk melding om 2.429 båthavari i første halvår. Det er ein auke på heile 32 prosent.
Det varme sommarvêret er hovudårsaka til den store auken, trur Finans Noreg.
– I sommar har det vore strålande vêr mange stadar, og folk har brukt båten sin mykje. Kor mange båtskadar vi får, har gjerne samanheng med vêret. Og denne sommaren har forsikringsselskapa fått melding om fleire skadar enn på lenge, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i .
Havari utgjer halvparten av båtskadane og er den største posten når det gjeld materielle skadar på båtar. Erstatningane for alle båtskadar samla er på nesten 212 millionar kroner etter første halvår. Det er 9 prosent meir enn i fjor.
I gjennomsnitt blir ein havariskade erstatta med 49.000 kroner.
Neverdal meiner mange skadar kunne vore unngått.
– Mange har jo for høg fart, ein del køyrer dessverre i alkoholpåverka tilstand, og det er ikkje alle som følgjer med på vêrmeldinga. Så ser vi også at det av og til skortar på kunnskapen om navigasjon. Mange har nye og raskare båtar dei ikkje er vande til å navigere, seier Neverdal til .
Ho ventar endå høgare tal når statistikken for juli blir klar.

Publisert: 21.08.2018 09:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37