Oppdrett robert eriksson sjømatbedriftene foto marius 11
PROBLEM MED SJUKDOM: Administrerande direktør Robert H. Eriksson i organisasjonen Sjømatbedriftene. Arkivfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Rekordmange fisk døyr i merdane

Sjømatbedriftene vil halvere talet på laks som ikkje når fiskedisken.

12.03.2024

(NPK-NETT.NO): 62,7 millionar oppdrettslaks døydde i sjøfasen i 2023, ifølgje Fiskehelserapporten 2023.

Veterinærinstituttet har rekna ut at det svarar til 16,7 prosents døyelegheit av sjøsett oppdrettslaks i Noreg i fjor. 2,5 millioner regnbogeaure døyde - som svarar til 14 prosent.

Rapporten viser også at infeksjonssjukdomar er den vanlegste årsaka til at fisken døyr. Tala er dei høgaste som er registrert.

Organisasjonen Sjømatbedriftene seier næringa må gå inn for å minka døyelegheita på fisk i merd.

– Eg veit at dårleg fiskevelferd og høg døyelegheit i merdane rokkar ved yrkesstoltheita til medlemmene mine. At over 62 millionar laks ikkje når fiskedisken, dette svarar til over 1 milliard måltid, er ikkje noko me som næring kan vera kjende med, uttaler administrerande direktør Robert H. Eriksson i organisasjonen Sjømatbedriftene i ei pressemelding.

Samtidig peikar han på at det blir gjort mykje bra i bedriftene. Han tek til orde for at fiskeriministeren skal innføra ei nasjonal avgrensing på kor lenge fisk i merd med uakseptabel døyelegheit kan få stå i sjøen.

– Næringa må setta ein klar ambisjon. For å kasta den fyrste steinen, så meiner eg næringa bør ha som mål og halvera døyinga innan 2030, seier Eriksson.

Rapporten frå Veterinærinstituttet viste også at talet på død setjefisk i 2023 var på 37,7 millionar laks og 2,4 millionar regnbogeaure, Det er ein auke på omtrent 2 millionar laks frå 2022.

Tala viser at til saman 105,4 millionar laks og aure døydde i produksjon i norsk oppdrettsbransje i fjor.

Publisert: 12.03.2024 11:22

Sist oppdatert: 12.03.2024 16:14

Mer om