Kort fortalt

Rekordmange laks rømte frå Mowi

690.000 rømte i Chile.

12.04.2019
NPK-NTB: Nesten 800.000 laksar kom seg ut frå Mowis oppdrettsanlegg i fjor, 34 gonger så mange som året før. Brorparten rømte i éi hending i Chile.
Medan drygt 23.000 laksar forsvann frå merdane til Mowi – tidlegare Marine Harvest – i 2017, vart talet litt over 783.000 i fjor, skriv .
– Det er noko vi absolutt ikkje liker. Sånt skal ikkje skje, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog.
Den suverent største lakserømminga skjedde sør i Chile, der 690.000 lask rømte i juli i fjor. Nokre av dei vart fanga inn igjen, 652.000 fiskar kom seg unna. Det gjer rømminga til den nest største i verda for atlantisk laks nokosinne.
– Vi hadde ikkje gjort nok for å førebygge. Det har du aldri gjort når fisk rømmer, seier Aarskog.
Også i Noreg var det ein markant auke i talet på rømte laks. Over 100.000 forsvann frå dei norske anlegga til selskapet.

Publisert: 12.04.2019 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35