Kort fortalt

Rekordmange overnattingar i juni

3,6 prosent auke frå i fjor.

16.08.2018
NPK-NTB: Det var 4,2 millionar overnattingar hos kommersielle aktørar i Noreg i juni. Det er rekord for denne månaden av året og 4,3 prosent fleire enn i fjor.
For hotella var auken på 3,6 prosent samanlikna med juni 2017. Ein vekst i gjennomsnittsprisen per rom på 1,3 prosent bidrog til at omsetninga frå overnatting auka med 5,8 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Ferie- og fritidsreisene stod for 1,5 millionar av totalt 2,6 millionar hotellovernattingar.
Mens det var 8 prosent fleire overnattingar med norske gjester, var det ein nedgang på 3,6 prosent i talet på gjestedøgn med utanlandske gjester.
På Svalbard auka hotellovernattingane med 4,8 prosent.
Campingplassane hadde fleire gjester både frå Noreg og utlandet. Til saman var det 1,3 millionar overnattingar ved campingplassane, noko som er 7,5 prosent fleire enn i juni i fjor. Veksten er størst blant bubilgjestene: 34 prosent.
Hyttegrendene hadde ein nedgang på 1,3 prosent og enda på ein kvart million overnattingar.

Publisert: 16.08.2018 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38