Kort fortalt

Rekordmange vil på fjellet

Det kan verte knapt med hytteplass.

NPK
23.06.2021

Halvparten av nordmenn vil på fjellet i sommar, men generalsekretæren i DNT minner på at alle må bestille overnatting på førehand.

I ei undersøking av Opinion for DNT, svarte 56 prosent av nordmenn at dei vil på fjellet i sommar, skriv Den Norske Turistforening i ei pressemelding.

I år, som i fjor, må likevel alle overnattingar på DNT-hytter bestillast på førehand på grunn av smittevern.

Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, seier det er viktig at alle tek ansvar, planlegg turen, bestiller på førehand, vaskar godt etter seg og elles følgjer reglane.

– På den måten kan vi sikre at tilbodet kan halde ope, og at flest mogleg får den fantastiske tursommaren vi drøymer om, seier Dag Terje Klarp Solvang.

Publisert: 23.06.2021 09:38

Sist oppdatert: 23.06.2021 09:39

Mer om