Kort fortalt

Rekordmykje fiskesmugling

Dobbelt så mye som året før.

22.01.2025

Tolletaten beslagla heile 13 tonn fisk som vart freista smugla ut av landet i 2024

Det er dobbelt så mykje som året før, skriv Nationen.

– Vi beslaglegg sannsynlegvis berre toppen av isfjellet. Ein trend i år er mange beslag på flyplass, seier tolldirektør Øystein Børmer i ei pressemelding.

Dei største beslaga blir ofte gjort i bubil og varebil med frysar, og dessutan i tilhengarar med frysekapasitet. Sei og torsk er dei hyppigast beslaglagde artane. I tillegg er det mindre mengder utsette fiskeartar som kveite, uer og steinbit.

Ofte er det berre fileten av fisken smuglarane ønskjer å ta med seg ut av landet. Resten blir dumpa, følgje Tolletaten.

– Fiskesmugling er både økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet som tappar det norske havet for ressursar, og øydelegg for den seriøse delen av næringa som bidreg til auka verdiskaping i mange kystsamfunn, seier Børmer.

(©NPK)

Publisert: 22.01.2025 13:07

Sist oppdatert: 22.01.2025 14:35

Mer om