NPK-NTB: Forsikringsbransjen seier dei aldri har sett så mykje forsikringssvindel som i dei tre første månadene i år.
Etter dei første tre månadene er svindel for nesten 100 millionar kroner avslørt, mot rundt 70 millionar kroner etter same periode i fjor. Tala gjeld dei alvorlegaste sakene der det samtidig er brot på forsikringsavtalelova.
– Dette bekymrar oss. Dei største beløpa gjeld svindel med sjuke- og uføreforsikringar, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.
Sidan sjuke- og uføreforsikringar ofte gjeld utbetalingar over fleire år, er beløpa gjerne svært høge i desse sakene. Gjennomsnittleg svindelbeløp er 1,4 millionar kroner.
Det er forsikringsselskapa sjølv som avslører dei fleste svindlarane.
– I nokre av desse sakene er det ureielege kundar som prøver å lure til seg fleire millionar kroner. Dei som står bak dette, svindlar fellesskapet, seier Neverdal.
For skadeforsikring er snittet på 155.000 kroner. Dette er saker der det blir svindla med til dømes reise, bil eller innbuforsikring.
– Nokre gonger blir det meldt inn saker som er fiktive, eller oppdikta. Andre saker handlar om å plusse på ekstra, eller arrangere ein skade, seier Neverdal.
Totalt sett blir det avslørt fleire menn enn kvinner som forsikringssvindlarar, og menn står tradisjonelt for dei største beløpa. Når det gjeld uføreforsikring, var det dei første månadene i år likevel flest kvinner som vart avslørte som svindlarar.

Publisert: 27.05.2019 11:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34