Vik Elektro i Vestnes leverte eit rekordhøgt overskot etter fjoråret, viser 2023-rekneskapen.
Eit overskot før skatt på 12,6 millionar, er eit lite knepp opp frå førre rekord i 2022 (sjå tabell under).
Tomrefjord-bedrifta har hatt inntektsvekst dei siste åra, men den stoppa opp i fjor. Ei omsetning på 108 millionar, er likevel det 3. høgast i selskapet si historie.
Etter det gode resultatet tek eigarane ut ti millionar i utbyte – som dei gjorde året før. Elektrofirmaet har ein eigenkapital på drygt 20 millionar og langsiktig gjeld på drygt 600.000 kroner.
Eigarane av Tomrefjord-selskapet er Veas Holding, som er eigd av Willy Kåre Vik og Ole André Vik.
Vik Elektro | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekter | 108,3 | 128,3 |
Driftsresultat | 11,8 | 11,5 |
Resultat før skatt | 12,6 | 12 |
Publisert: 23.07.2024 10:35
Sist oppdatert: 23.07.2024 10:37