Kort fortalt

Rekordpåske for skisentra

Fleire norske skianlegg har hatt besøksrekord.

12.04.2023

(NPK): Leiarane ved store og små alpinanlegg i landet gliser breitt og solbrunt etter bra besøk i påska, skriv NRK. Strålande sol og gode snøforhold har lokka folk til skiheisane, løyper og bakkar.

Strandafjellet skisenter er mellom dei som melder om rekordbesøk med 16.000 registrerte gjestar og 145.000 heisturar, ifølgje skisenteret si Facebook-side.

Driftsleiar Kim André Navarsete ved Sogndal skisenter Hodlekve seier nesten 20.000 besøkjande der er «den soleklart beste påska» nokon gong.

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt ei så bra påske nokon gong. Eg har vore med i 25 år og dette slår alle rekordar, seier administrerande direktør Øyvind Wæhle ved Voss Resort.

Han fortel at dei før sesongen var spente på kva auka renter, matprisar og straumprisar ville ha å bety. Langtidsleige av hytter har gått ned og folk har prioritert dagsturar, men folk har halde fram med å kome.

Camilla Sylling Clausen er generalsekretær for Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar. Ho har snakka med kollegaer gjennom påska og seier det mange stader har lege an til rekordar. Organisasjonen held no på å samle inn tala for å samanfatte sesongen.

(©NPK)

Publisert: 12.04.2023 14:44

Sist oppdatert: 12.04.2023 14:44

Mer om