Kort fortalt

Rekordstore lager av svinekjøtt

Fryktar bønder vil gå konkurs.

05.09.2018
NPK-NTB: Rekordstore lager av svinekjøtt skaper krise i næringa. Norsvin fryktar bønder vil gå konkurs og ber om reguleringstiltak.
Reguleringslagera har vakse frå under 1.000 tonn ved nyttår til godt over 6.300 tonn ved inngangen til september. Det er med god margin rekord på denne sida av tusenårsskiftet, skriv .
Nortura, som er marknadsregulator, hadde måndag denne veka heile 75.778 slaktegriser på lager, i tillegg til nær 200 tonn kjøtt. No slår interesseorganisasjonen for svinebønder, Norsvin, alarm.
– Tidlegare har vi blitt kvitt overskotet sidan salet har auka med 50.000 tonn på 20 år. No ser det ut som salet har flata ut, seier styreleiar Geir Heggem til avisa.
Han viser også til produktivitetsvekst som gir auka volum, samtidig som eksportkvoten er redusert. Samla sett har situasjonen for næringa aldri vore så dramatisk, meiner Heggem.
Pristapet som følgje av overskotet vil vere på rundt 200.000 kroner for eit familiebruk med full kombinertproduksjon, og Heggem fryktar konkursar.
Måndag la Landbruksdirektoratet fram forslag til innstrammingar i konsesjonsreglane knytt til såkalla eingongspurker.
– Men det er på langt nær nok. Vi må få nye reguleringstiltak, og dei må komme raskt, seier Heggem.

Publisert: 05.09.2018 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37