Kort fortalt

Rekordår for cruisetrafikken

Ålesund nest størst.

NPK
06.03.2023

I 2022 var det over 20 prosent fleire cruiseanløp i Noreg enn i 2019. Totalt var det rekordmange 3469 anløp. Det er 587 fleire anløp enn i 2019, som også var eit rekordår for cruiseturisme til Noreg.

‒ Cruisetrafikken til Noreg nådde ei ny høgd i 2022. Ikkje minst fordi mange cruisereiarlag kansellerte besøk til russiske destinasjonar, og i staden la om reiseruta til å omfatte norske destinasjonar, seier Arve Dimmen, direktør for navigasjonsteknologi og maritime tenester i Kystverket.

Totalt besøkte 4,267 millionar passasjerar norske cruisehamner i 2022, samanlikna med 4,084 millionar passasjerar i 2019. For 2023 estimerer Kystverket at talet vil auke til 4,856 millionar passasjerar. Dette estimatet er rekna ut frå gjennomsnittleg tal på passasjerar om bord per hamn i 2022 og framskrive med forventa auke i talet på anløp.

I 2022 var Bergen den mest besøkte cruisedestinasjonen med 308 anløp. Ålesund var nest størst og Tromsø den tredje mest besøkte destinasjonen med høvesvis 240 og 213 anløp i fjor.

Nye og strengare krav til utslepp frå skip i verdsarvfjordane har ført til nedgang i cruiseanløpa i Flåm, Hellesylt og Geiranger. Det gjeld også i enkelte hamner der ein har sett avgrensingar på talet på skip og passasjerar. Det har ført til at trafikken går til andre hamner.

Fleire cruiseskip og norske hamner har eller vil få tilkoplingshøve til landstraum, noko som vil gi reduksjon i utslepp når dei ligg til hamn.

Cruisemarknaden har globalt, med unntak av under koronapandemien, hatt ein årleg vekst på mellom 5–7 prosent dei siste åra. Tal frå kystdatahuset.no viser at det mellom 2013 og 2022 har vore ein gradvis auke i talet på cruiseanløp og cruisepassasjerar til norske destinasjonar ‒ med opp mot 1070 fleire anløp og 990.000 fleire passasjerar.

Publisert: 06.03.2023 16:09

Sist oppdatert: 06.03.2023 16:11

Mer om